I Stårheim sokn samlar Stårheim barnekor seg annan kvar måndag.
Her er alle born frå fire år og oppover velkomne til å vere med. Reidun leiar koret saman med Asbjørn som spelar piano. I tillegg til øvingane er det og samlingar med andre aktivitetar, m.a. å lage adventskrans før jul. Koret er med på gudstenester, konsertar, basarar og andre arrangement. Biletet under er frå julekonserten i Stårheim kyrkje i 2024. Det er kjekt å ha eit barnekor i soknet! Takk til alle frivillige og tilsette som driv barnekor! 💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜💜
Foto: Magni Myklebust
