Gravplassar
Stad kommune har 10 gravplassar, og alle blir forvalta av Stad kyrkjelege fellesråd.

Dei ti gravplassane er:
01 - Heggjabygda kyrkjegard
02 - Stokkenes gravplass
03 - Eid kyrkjegard
04 - Sambraut gravplass
05 - Stårheim kyrkjegard
06 - Kjølsdalen kyrkjegard
07 - Totland kyrkjegard
08 - Selje kyrkjegard
09 - Leikanger kyrkjegard
10 - Ervik kyrkjegard
- Gravstadene er livssynsnøytrale og kan nyttast av alle uansett livssyn og religion.
- Det er også høve til å bli gravlagd i uvigsla jord om dette er ynskjeleg. Kyrkjeverja vil gje informasjon om kvar dette er mogleg.
- På gravstaden er det kyrkja sine tilsette som tek seg av graving av grava, tilrettelegging ved gravlegginga og attfylling og tillaging av grava etter jordfestinga.
Gravminne
Familien står fritt til å skaffe gravminne, men gravminnet må vere slik at det ikkje bryt med reglane i Gravferdslova og reglane for kyrkjegardane i Stad. Kyrkja i Stad formidlar ikkje gravminne. Dei aller fleste vel å skaffe dette gjennom gravferdsbyråa. Kyrkjeverja kan gje orientering om gjeldande regelverk for graver og gravminne.
Stell av graver
Dersom dei pårørande ynskjer det, kan kyrkja tilby stell av graver. Det må då opprettast ei stellavtale som skal dekke kostnaden med stell av grava.
Prisar frå 01.01.2025:
Sommarblomar: kr 1050,-
Sommarblomar og krans til jul: kr 1750,-
Krans til jul: kr 700,-
Kyrkjekontoret kan orientere nærare om dei ulike alternativa.