Stårheim sokneråd har sju faste medlemer som vi ser på biletet under.
Oppe frå venstre finn vi Johannes Nome, Asbjørn Mannset, Hildegunn Botn og Alexander Nyberg. Nede frå venstre ser vi Stine Åsebø, Ole Martin Rafshol (leiar og representant i fellesrådet) og Olaf Sigurd Gundersen (sokneprest).
I Stårheim sokn er det 493 medlemer i Den norske kyrkja. Kvart år arrangerer soknerådet om lag 15 gudstenester. Hittil i år har det vore 11 konfirmantar og fire døypte.