Seljumannamessa
Kvart år blir det halde Seljumannamesse på øya Selja i Stad kommune tidleg i juli.
Legenda om Sankta Sunniva har hatt ein stor påverknad på den norske kyrkja. Etter legenda kom prinsesse Sunniva frå Irland med sitt følge til øya Selja rundt 960, og slo seg ned der. Her budde dei fram til Håkon Jarl kom til øya, då flykta dei opp i fjellet, og døyde i eit steinras. Vel 30 år seinare kom kong Olav Tryggvason til øya saman med biskopen for å leite etter Sunniva, og dei fann henne uskadd mellom kampesteinar, - ho såg ut som om ho berre sov. Sunniva vart erklært som helgen, og med henne fikk Norge sin første helgen.
Meir informasjon om legenda om Sta. Sunniva, sjå www.seljekloster.com/st-sunniva

Legenda om Sta. Sunniva, Seljumennene og historiene om lyset fra øya, gjorde at Selja vart Norges første bispesete, frå 1068 til 1170. Rundt 1090 etablerte Benediktinarmunkar frå England eit av landets første kloster på øya.
Frå 996, då Sta. Sunniva vart erklært som helgen, vaks helgenkulten på Selja fram, men feiringa blei kalla Seljumannamessa. Kulten omfatta i den første tida berre dei anonyme Seljumennene. Difor blei kulten kalla Seljumannamesse og ikkje Sunnivamesse. Legenda om Sta. Sunniva har vakse fram seinare.
Legenda og alt rundt har prega både samfunn og einskildmenneske. I heile mellomalderen vart Selja eit viktig mål for pilegrimar. I nyare tid er den årlege markeringa av Seljumannamessa tatt opp igjen.
Selja er i dag eitt av fire regionale pilegrimssenter langs kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim, sjå www.pilegrimsleden.no. Selje regionale pilegrimssenter held til i den freda Selje prestegard midt i Selje sentrum. Her er det pilegrimsmottak, kafé, kulturstove og turistinformasjon. Sjå meir på www.seljeprestegard.no.
I vår tid feirar vi Seljumannamesse i tråd med dei gamle tradisjonane med messe på øya, og det vert halde konsertar, omvising på klosteret og foredrag med aktuelle tema.
I år er Sta. Sunniva, Seljumennene og lyset frå øya meir aktuell enn på lenge. Sta. Sunniva er flyktningane sin helgen. Ho flykta frå overgrep mot sin religionsfridom og frå å bli tvangsgift. Seljumannamessekomitéen vil difor i år legge ekstra vekt på solidaritet med flyktningar og forfølgde, og at Seljumannamessa er eit tilbod for alle.
Seljumannamessekomitéen har eit medlem frå kvart av dei sju sokneråda i Stad kommune, samt ein prest utpeika av prosten i Nordfjord. I tillegg knyter komiteen til seg ressurspersonar. Seljumannamessa er organisert under Den norske Kyrkja.
Ta gjerne kontakt med oss på e-post seljumannamessa@gmail.com