Høyring av forskrift til nye vedtekter for gravplassane i Stad


Gravplassforvaltninga i Stad har utarbeidd forskrift til nye, felles vedtekter for alle gravplassane i Stad kommune.

 

Høyring av forskrift til nye vedtekter for gravplassane i Stad

Gravplassforvaltninga i Stad har utarbeidd forskrift til nye, felles vedtekter for alle gravplassane i Stad kommune. I vedtektene kan du m.a. lese om rett til grav, feste av grav, planting og stell, ferdsel på gravplassane m.m.

Framlegget vert no lagt ut til høyring frå 1. juni til 1. august 2021

Framlegget finn du  her  – og det er også lagt ut på servicekontora til Stad kommune og på kyrkjekontora på Nordfjordeid og i Selje.

Merknader til framlegget kan sendast:

Gravplassforvaltninga i Stad v/kyrkjeverja, Postboks 5, 6771 Nordfjordeid

eller

på e-post: kyrkjeverja@stad.kommune.no  innan 1. august 2021.

 

FORSKRIFT OM VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I STAD KOMMUNE, VESTLAND